Bli med i Florø klatreklubb

Vil du byrja med klatring, fortsette der du slapp eller berre klatre fast saman med fleire? I Florø Idrettssenter har vi Sunnfjordveggen, ein flott 14 meter høg klatrevegg med både flate og overhengande seksjonar. Vi har og eit buldrerom med varierande utfordringar, samt eit moonboard. Hos oss finn du klatreruter tilrettelagt for klatrarar i alle aldrar og på alle nivå. I sommarsesongen held vi ofte til utandørs i flotte Grytadalen - eit bolta klatrefelt med ruter i ulike vanskelighetsgrader.

Som medlem i Florø Klatreklubb får du tilgang til klatreveggen og buldrerommet (også utanfor dei faste treningene), rabattert pris på drop-in-trening, tilgang på lån av utstyr og ikkje minst rabattkode hos sportutstyrbutikken Vertical Playground (vpg.no) om du treng noko til tur eller trening.

Eit medlemskap i Florø Klatreklubb følger kalenderåret og kan enkelt kjøpast via MinIdrett:


Barn og ungdom, 0 – 14 år: 100,-
Voksen, 15 år +: 200,- 

Du mottek velkomstmail innan ei veke med informasjonen du treng.

Ønsker du å bidra meir saman med oss? Bli frivillig!

Treningstider

Vi klatrar saman kvar* tysdag og torsdag i Florø Idrettssenter


Barneklatring: Tysdag kl.18:00-19:00
Ungdom & vaksne: Tysdag og torsdag kl.19:30 - 22:00

Barneklatring er eit tilbud der foresatte og barn kjem saman for å klatre. Det er krav om at foresatte har brattkort, og vil tilbyr fleire brattkortkurs gjennom året. Vi treng og fleire klatrevakter, ler meir her.

Følg oss elles på Facebook for oppdatert informasjon om treninger og aktivitetar .

*Utanom faste ferieveker. For å bruke klatreveggen* og buldrerommet må du betale drop-in eller ha betalt årsavgift.
Om du kun er med som sikrar for barn/ungdom treng du ikkje å betale.

Årsavgift

Barn og unge, 0 – 14 år: 500,-
Vaksen, 15 år+: 1000,-

Betalast via VIPPS og gjeld for kalenderåret

Drop-in

Medlemmar kr 40,-
Ikkje medlem kr 80,-

Betalast via VIPPS og er gyldig for same dag.

Leige av utstyr

Sele, sko, taubrems og karabin kr 50,-

Klatretau kan lånast.

Betalast via VIPPS. Kun utleige når det er klatrevakter i hallen.


Vipps nr: 505618

Klatre inne

Før du klatrar sjølv eller sikrar andre i Sunnfjordsveggen treng vi at du les og signerer påkrevd ansvarserklæring.

I alle innandørs klatreanlegg i Norge er det og krav om brattkort eller topptaukort om du sjølv skal klatre eller sikre andre med tau. Meir informasjon her.

Klatre ute

Grytadalen

Klatrefeltet Grytadalen vart utvikla i 2009/2010 og har 17 bolta ruter frå grad 3 til 7-. Det ter 30 min. med bil frå Florø + 10 min gange frå parkeringsplassen for å komme til feltet.
Det går sauer på beite her så la hunden være att heime. I jaktsesongen for hjort frå 10. sept til 23. des må de sende melding til grunneigar når de skal klatre. Melding sendes til Anne-Karin K Rynning på tlf. 482 54 146.

Last ned klatreførar her: fører-grytadalen.pdf

Grovavågen buldring

Fin buldrestein rett før veikrysset på Grov. Medlemmar kan låne crashpads frå klubben, berre send oss ein e-post.

Last ned klatreførar her: fører-grovavaagen.pdf

Klatreførarar for området

Klatring i Sunnfjord: Sjå førarane hos Våtedalen Tindeklubb

Klatring i Sogn og fjordane: Kjøp hos VPG (Hugs rabattkoden om du er medlem i FKK)

Treng du nokon å klatre med?

Klatreklubben har mange medlemmar som driv både med sportsklatring og tradklatring, og vi har ei eiga Messenger-gruppe der du kan finne nokon å klatre ute med. Send oss ein PM så legg vi deg til.

Hornelen: I Bings fotspor

Les om klatreturen her!

Kontakt oss